Hopp til hovedinnhold

I Måløy har nærleiken til havet satt sitt preg på både næringsliv, landskap og menneske. Måløy og øya Vågsøy er kopla saman med fastlandet via Måløybrua, og er eit av landets største fiskerihamner. Her kan du oppleve alt frå idylliske stader til mektige naturopplevingar.

I kystbyen Måløy kan du bli sjarmert av dei koselege gatene, høyre spanande historier frå krigen på Måløyraidsenteret, og la deg bli freista av koselege kafear og restaurantar der du kan velje alt i frå fish and chips til sushi.

I dei siste åra har Måløy blitt kjent for sin flotte gatekunst som representera kystkulturen i Vågsøy. Det er i dag 20 veggmaleri, dei fleste i gangavstand frå sentrum.

Måløy ligg på øya Vågsøy og er omringa av Stadhavet – ein av dei mest vêrharde stadane langs Norskekysten. Øya Vågsøy har fire fyr som guidar skip trygt rundt Stad. På vestkysten finn du Kråkenes fyr, eit område som er berykta for sitt vêrharde klima.

I enden av bygda Refvik finn du den 1,5 km lange sandstranda Refviksanden. Med si krittkvite skjelstrand er dette er ei av Norges finaste badestrender. Ein kort køyretur frå Måløy finn du Vågsberget, ei av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten vår. I nærleiken av Vågsberget finn du Kannesteinen – ein spesiell stettforma stein som ligg i fjæra. Kannesteinen er forma av hav og bølger gjennom fleire tusen år.

Et merkeikon

La deg inspirere

Finn idear og inspirasjon til din draumeferie i Måløy.

Kommende arrangementer